Fair play i kroppsøving – styringsreiskap eller danning?

Fair play er ifølgje læreplan i kroppsøving ein kompetanse elevane skal praktisere og utvikle gjennom heile opplæringsløpet. Både i skulens styringsdokument og i teori trer fair play fram med ein klar danningsfunksjon. Denne artikkelen belyser samanheng mellom fair play og danning med utgangspunkt i...

Full description

Bibliographic Details
Main Authors: Reidun Nerhus Fretland, Åge Lauritzen, Joar Fossøy, Petter Erik Leirhaug
Format: Article
Language:English
Published: Cappelen Damm Akademisk NOASP 2020-01-01
Series:Nordisk tidsskrift for utdanning og praksis
Subjects:
Online Access:https://utdanningogpraksis.no/index.php/up/article/view/2069/3960
Description
Summary:Fair play er ifølgje læreplan i kroppsøving ein kompetanse elevane skal praktisere og utvikle gjennom heile opplæringsløpet. Både i skulens styringsdokument og i teori trer fair play fram med ein klar danningsfunksjon. Denne artikkelen belyser samanheng mellom fair play og danning med utgangspunkt i Wolfgang Klafki sitt danningsteoretiske perspektiv. På bakgrunn av seks fokusgruppeintervju med lærarar som underviser i kroppsøving på 5.–7. årssteg blir rekonstruksjon av fair play i kroppsøvingsundervisninga undersøkt ut frå teoriens grunnleggande evner: sjølvbestemming, medbestemming og solidaritet. Studien viser at lærarane ikkje gir mykje rom for elevane si sjølv- og medbestemming. Dei praktiserer fair play først og fremst opp mot solidaritetsaspektet. Drøftinga tek føre seg spenningsforholdet mellom oppseding og danning, og problematiserer om fair play i kroppsøving blir rekonstruert primært som ein reiskap for regulering av oppførsel og organisering av undervisning. Det viser seg at lærarane i liten grad nyttar fair play på måtar som bidreg til det Klafki kallar kategorial danning.
ISSN:2535-7697