Summary: | Aksjelova av 1910 var ein freistnad på å organisere den norske kapitalismen i rettsleg normerte former. Men lova var samstundes eit seint svar på ei systemkrise identifisert alt på midten av 1800-talet. Det hadde ikkje utvikla seg nokon eigen norsk selskapsrett. Avtalefridom i eit oversiktleg forretningsliv blei sett på som tilstrekkeleg. Skipsfartsnæringa mønstra sterk motstand mot aksjelova då ho kom, og oppnådde unnatak frå lova. Samanbrotet under fyrste verdskrigen førte til ei rekkje statlege inngrep i aksjemarknaden som seinare la grunnlaget for den organiserte kapitalismen etter 1945. Grunnstomnen i aksjelova av 1910 blei ståande. Men det ho var eit svar på, blei ikkje løyst under den sosialdemokratiske ordenen. Liberaliseringa av finansmarknaden i 1980-åra la difor på nytt grunnlaget for ein organisert kapitalisme i rettslege former som før fyrste verdskrigen.
|