Barnehagelærarstudentars refleksjonar over barns fleirsanselege utforsking i naturfaglege samtaler

Artikkelen presenterer ein casestudie av tre studentar sine transkriberte samtaler om naturfaglege emne med barnehagebarn i alderen 2,5–4 år, og deira refleksjonar rundt desse. Formålet med artikkelen er å belysa korleis studentane stiller seg til barnas fleirsanselege utforsking som ein del av samt...

Full description

Bibliographic Details
Main Author: Inga Margrethe Fagerbakke
Format: Article
Language:Danish
Published: Cappelen Damm Akademisk NOASP 2022-07-01
Series:Nordisk Barnehageforskning
Subjects:
Online Access:https://nordiskbarnehageforskning.no/index.php/nbf/article/view/319/291
Description
Summary:Artikkelen presenterer ein casestudie av tre studentar sine transkriberte samtaler om naturfaglege emne med barnehagebarn i alderen 2,5–4 år, og deira refleksjonar rundt desse. Formålet med artikkelen er å belysa korleis studentane stiller seg til barnas fleirsanselege utforsking som ein del av samtala. Funna viser at studentane, gjennom videoanalyse av seg sjølve, blir meir merksame på korleis dei kunne ha fylgt opp fleire av sanseinntrykka til barna og fått dei inn i samtalene. Studentane trekkjer fram manglande bruk av tid, at dei skiftar fokus og at dei stiller feil spørsmål, som forklaringar på kvifor dei ikkje lukkast. I dei tilfella der dei har lukkast, peikar dei på det å la barnet sansa som ein suksessfaktor. Funna viser at produktive spørsmål som handlar om å observera nøye, er ein måte å gripa fatt i barns fleirsanselege utforsking på, men at det ofte blir brukt hypotesedannande spørsmål i samtalene med barna, utan at dette bidrar til meir utfors-king i samtalene.
ISSN:1890-9167