Tilsetjing og arbeidsløyse i Noreg og Danmark: - Er svakt stillingsvern gunstig for folk med dårleg helse?

Denne studien undersøker arbeidsmarknadstilknytinga til personar med helseproblem i Danmark og Noreg i ein periode med låg etterspurnad etter arbeidskraft. Noreg og Danmark deler mange karakteristikkar, men stillingsvernet er vesentleg svakare i den danske «flexicurity»-modellen. Dette kan vere guns...

Full description

Bibliographic Details
Main Author: Kristian Heggebø
Format: Article
Language:Norwegian Bokmål
Published: Scandinavian University Press/Universitetsforlaget 2016-03-01
Series:Tidsskrift for Samfunnsforskning
Subjects:
Online Access:http://www.idunn.no/doi/10.18261/issn.1504-291X-2016-01-01
Description
Summary:Denne studien undersøker arbeidsmarknadstilknytinga til personar med helseproblem i Danmark og Noreg i ein periode med låg etterspurnad etter arbeidskraft. Noreg og Danmark deler mange karakteristikkar, men stillingsvernet er vesentleg svakare i den danske «flexicurity»-modellen. Dette kan vere gunstig for personar med dårleg helse, fordi det er mindre risiko for arbeidsgjevar ved å tilsetta nokon med eit negativt signal (dårleg helse, for eksempel) når det er enkelt å seie opp arbeidstakaren dersom han/ho ikkje er produktiv nok. Resultata indikerer at folk med helseproblem i Danmark har litt større sannsyn for å bli tilsett, og ganske markant større sannsyn for å vere arbeidsledig, enn personar med god helse i løpet av observasjonsvindauget (2008–2011). I tillegg er det meir utbreitt med midlertidig stillingskontrakt blant dei med dårleg helse i Danmark. Folk med helseproblem i Noreg derimot, skil seg ikkje særleg frå personar med god helse. Dette tyder på at eit svakt stillingsvern sannsynlegvis ikkje er vegen å gå for å sikra høg sysselsetting blant folk med dårleg helse. Nøkkelord: arbeidsløyse,tilsetjing,helse,stillingsvern,økonomisk nedgangstid
ISSN:0040-716X
1504-291X