«Ei mil vid og ein tomme djup»? – ei undersøking av innhald og undervisning i kroppsøving på ungdomstrinnet i Noreg
Hensikta med denne artikkelen er å undersøke om og eventuelt på kva måtar kroppsøvingsfaget kan skildrast som «ei mil vid og ein tomme djup». Artikkelen går dermed inn i ein aktuell skulepolitisk kontekst som vektlegg djupnelæring og konsentrasjon om kjerneelement i fag. På bakgrunn av ei miksa-meto...
Main Authors: | , , |
---|---|
Format: | Article |
Language: | Danish |
Published: |
Cappelen Damm Akademisk NOASP
2020-04-01
|
Series: | Journal for Research in Arts and Sports Education |
Subjects: | |
Online Access: | https://jased.net/index.php/jased/article/view/1749/4167 |
Summary: | Hensikta med denne artikkelen er å undersøke om og eventuelt på kva måtar kroppsøvingsfaget kan skildrast som «ei mil vid og ein tomme djup». Artikkelen går dermed inn i ein aktuell skulepolitisk kontekst som vektlegg djupnelæring og konsentrasjon om kjerneelement i fag. På bakgrunn av ei miksa-metodestudie der vi har gjort ei spørjeundersøking blant elevar og fokusgruppeintervju med lærarar viser vi at faget ser ut til å vere prega av eit snevert utval av aktivitetar og ein tradisjonell undervisningsmetode. Samstundes ser vi at lærarar og elevar oppfattar at sosiale og emosjonelle kompetansar er viktige i faget. Sett i samanheng med både nasjonal og internasjonal forsking på kroppsøving tyder undersøkinga vår på at undervisninga i kroppsøving er prega av det Sawyer (2014) kallar instruksjonisme: lærarstyrt overføring av kunnskap og ferdigheiter. Likevel er det grunn til å diskutere kva djupnelæring i kroppsøving betyr og om det er rett å knytte dette til utvalet av aktivitetar i faget. |
---|---|
ISSN: | 2535-2857 |