Frå stabilitet til turbulens. 70 år med organisasjonsendringar i departementa – politisk design eller institusjonell tilpasning?

Denne artikkelen undersøkjer kva innflytelse regjeringa har på strukturen og organiseringa av norske departement. Eit sentralt spørsmål er korleis kan det ha seg at departementa var uendra i ein 40 års periode etter andre verdskrig for så å bli underlagt store omstillingar og endringar. Dette blir...

Full description

Bibliographic Details
Main Authors: Per Lægreid, Vidar Wangen Rolland
Format: Article
Language:Norwegian Bokmål
Published: Scandinavian University Press (Universitetsforlaget) 2017-01-01
Series:Norsk Statsvitenskapelig Tidsskrift
Subjects:
Online Access:https://www.idunn.no/nst/2017/02/fraa_stabilitet_til_turbulens_70_aar_med_organisasjonsendrin
Description
Summary:Denne artikkelen undersøkjer kva innflytelse regjeringa har på strukturen og organiseringa av norske departement. Eit sentralt spørsmål er korleis kan det ha seg at departementa var uendra i ein 40 års periode etter andre verdskrig for så å bli underlagt store omstillingar og endringar. Dette blir undersøkt med utgangspunkt i teoriar om politisk design og institusjonell endring. Artikkelen viser at samanslåing, splitting, flytting, omorganisering og namneendringar er meir vanleg enn rein organisatorisk fødsel og død, at det er meir omfattande endringsaktivitet på avdelingsnivå enn på departementsnivå, at endringar i departementsstrukturen ved regjeringsskiftet er blitt meir vanleg frå Syse regjeringa (1989-90) og frametter, at er eir omfattande endringar ved ideologiskifte enn utan ideologiskifte og at er meir omfattande endringa ved koalisjonsregjeringar enn ved eittpartiregjeringar. Borgarlege regjeringar er meir aktive for å endre departementsstrukturen enn regjeringar der Arbeidarpartiet er med. Gamle departementa med sterke brukargrupper i ryggen og departement som har nasjonalstatlege kjerneoppgåver som finans, utanriks og forsvar er meir robuste enn nye departement.
ISSN:0801-1745
1504-2936