Lyrisk kompleksitet i antropocen. Ein formorientert, berekraftig litteraturdidaktikk

Med utgangspunkt i Inger Hagerups dikt «Kvelden lister seg på tå» utforskar artikkelen moglegheitene for ein berekraftig litteraturdidaktikk som legg vekt på kompleksitet og uhygge. Teoretisk lener artikkelen seg på omgrepet «det sublime» slik det blir definert av Immanuel Kant og utlagt av den økol...

Full description

Bibliographic Details
Main Author: Per Esben Myren-Svelstad
Format: Article
Language:English
Published: Septentrio Academic Publishing 2022-01-01
Series:Nordlit: Tidsskrift i litteratur og kultur
Subjects:
Online Access:https://septentrio.uit.no/index.php/nordlit/article/view/6331
Description
Summary:Med utgangspunkt i Inger Hagerups dikt «Kvelden lister seg på tå» utforskar artikkelen moglegheitene for ein berekraftig litteraturdidaktikk som legg vekt på kompleksitet og uhygge. Teoretisk lener artikkelen seg på omgrepet «det sublime» slik det blir definert av Immanuel Kant og utlagt av den økologiske tenkaren Timothy Morton. Vidare byggjer lesinga av diktet på teori om lyrikk som affektiv form og på dei hermeneutiske implikasjonane av Kristin Hallbergs ikonotekstomgrep. Desse tilnærmingane framhevar spennet mellom det trygge og det uhyggjelege i diktet, og artikkelen utforskar korleis lyrikk for born kan stimulere evna til å dvele ved kompleksitet og det uavklåra. Slik kan litteraturdidaktikken byggje opp under ein berekraftig, audmjuk veikskap overfor omverda.
ISSN:0809-1668
1503-2086